HSG Super Session 2016

Endeleg var tida me alle hadde venta på her. Den raude løparen vart rulla ut, og inn i kinosalen på Hovden Grendehus kom både lærarar, foresatte, lokale frå Hovden og utøvarar frå dei ulike idrettane på skulen. Med desse rammene vart standaren for kveldens framsyning satt, og den eine editen etter den andre vart rulla over lerretet. Applausane og begeistringa stod høgt under taket. Kvelden vart uforgløymeleg.

3G7A0658
3G7A0660
3G7A0662
3G7A0666
3G7A0669
3G7A0671
3G7A0675
3G7A0678
3G7A0679
3G7A0682

Prisvinnarane

Beste edit: 2. Klasse + Kasper Aakerhus
Med utøvarar som har hevda seg i noregstoppen gjennom heile sesongen var det store forventningar til kva denne gjengen skulle finne på i år. Forventningane gjekk over alle forventningar. Med triks som begeistrar like mykje som dei inspirerar og imponerar vert det ein gjennomgåande ”wow-faktor” gjennom heile editen, og me innser nok ein gong kor ufatteleg høgt nivå utøvarane på HSG har. Kreativ køyring og ufatteleg skikontroll viser dei alle på sin eigen måte. Med gjennomført redigering som seier at ein av utøvarane redigera til 5 natta før skrivedagen i norsk, er ingenting overlatt til tilfeldighetane, noko det sjeldan er når denne gjengen står på ski.


Sesongens ulykkesfugl: Marcus Joteig
Det er ingen tvil om at denne prisen skal gå til denne personen. Dette er nemleg utøvaren som har møtt uhell gong på gong gjennom sesongen. Han køyrer vanlegvis ein skiboks med bilen som har fargen til huden han hadde i Laax. Utøvaren er utruleg god på ski, og viser stadig progresjon endå det i år har ført til uheldige konsekvensar. Håpar han har lagt snowboardkarriera på hylla, får skuldra på plass og er klar for neste sesong. Me tippar den kjem til å bli mykje betre. Prisen går til gutten som ikkje bryr seg om forskjellen mellom revers og første gir, bokstaveleg talt. Guten som starta sesongen med knust alboge, sprukken milt og hjernerystelse, avsluttar like greit med ei ustabil skulder som poppar ut i tid og utide.  Like glad er han og  han inspirarar oss andre til å tenke litt meir ”pytt sann, det er slikt som skjer”.



 

Sesongens gjennombrot: Sindre Tveiten
Det er ingen tvil om at HSG Snowboard og Freeski har håva inn mange gode prestasjonar, då både nasjonalt og internasjonalt. Det er svært mange i gruppa som har prestert på eit så høgt nivå at dei kan kalle seg både verdsmeistrar og noregsmeistrar. Me er med andre ord svært gode. Denne prisen er til utøvaren som har kjempa om pallen år etter år, men ikkje nådd heilt opp, inntil i år. I år kjempe seg han seg opp på pallen gong på gong når det verkeleg gjaldt under årets snowboard NM. Gleda var difor ekstra stor og eit gjennombrot i hans karriere. Me gler oss til å følgje med vidare, og kva denne guten får til i åra som kjem. Sjå editen til Sindre med resten av 2. klasse og Line Wold Moen


Folkets pris: 1. Klasse Snowboard
Sjekk ut editen, så vil dykk forstå kvifor!


Takk til alle som gjorde kvelden mogleg og alle dei frammøtte i salen!

(PS: 1. klasse freeski presenterte ein fantastisk edit, men fekk diverre tekniske problem som gjer det vanskeleg for oss å dele vidare.)