Informasjon til føresette og ungdom om Ungdata-undersøkinga i Bykle 2014

På oppdrag frå Bykle kommune gjennomfører NOVA (Norsk institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring) og Kompetansesenter rus – region sør (KoRus Sør) ei anonym spørje­undersøking blant ungdomane i kommunen. Formålet er å kartleggje ulike sider ved livsstilen og levekåra til ungdom. Resultata frå undersøkinga vil kunne danne grunnlag for ungdomspolitikken og det førebyggjande arbeidet retta mot ungdom i Bykle kommune. Data frå undersøkinga vil også kunne verte brukte i forskings- og utviklingsprosjekt der målet er å få ny kunnskap om oppvekstvilkåra til ungdom.

Undersøkinga går føre seg på skulen i løpet av veke 43-44: måndag 20. - fredag 31. oktober. Det tek ca. éin skuletime å fylle ut spørjeskjemaet. Spørjeskjemaet inneheld spørsmål om korleis ungdom bruker fritida si, om trivsel og kva slags tilhøve dei har til skule, venner og vaksne i nærmiljøet. Det vil også verte stilt spørsmål om vanskelege sider ved det å vere ung, slik som mobbing, psykisk helse, vald og rusmiddel. Meir utfyllande informasjon finn du på www.ungdata.no. Føresette som ønskjer det, kan få tilsendt heile spørjeskjemaet ved å kontakte KoRus Sør.

Elevane svarer på spørsmåla ved å logge seg inn på www.ungdata.no med eit tilfeldig tildelt brukar­namn. Elevane vert informerte om at deltaking er frivillig, og at dei kan hoppe over enkeltspørsmål.

Undersøkinga er anonym, og det er ikkje mogleg å identifisere enkeltelevar gjennom dei dataa som vert samla inn. Ein vil ikkje kunne kjenne igjen enkeltpersonar når resultata frå undersøkinga vert offentleggjorde. Alle svara vil verte handsama strengt fortruleg av NOVA, KoRus Sør medarbeidarar i Rambøll, som legg til rette for den elektroniske undersøkinga.

Føresette kan reservere seg mot at deira barn skal delta, ved å gje beskjed til kontaktlæraren. For at undersøkinga skal ha nokon verdi, er det viktig at så mange som mogleg deltek.

Datamaterialet vil seinare verte lagt inn i ein nasjonal database, saman med tilsvarande ungdoms­undersøkingar som er gjennomførte i andre kommunar.

Ved ytterlegare spørsmål knytt til undersøkinga, ta kontakt med spesialkonsulent Rosanne Kristiansen ved KoRus Sør (994 20 688/rosanne.kristiansen@borgestadklinikken.no) eller kontaktperson for under­søkinga i Bykle kommune, Wenche G. Hægeland (900 688 74/ wenche.haegeland@e-h.kommune.no).

                                                  Med vennleg helsing

Rosanne Kristiansen               Lars Roar Frøyland                 Tallak Hoslemo
Spesialkonsulent                      Rådgjevar                                 Rådmann
KoRus Sør                                  NOVA                                       Bykle kommune
Borgestadklinikken