NM Slopestyle Big Air Hovden 2015

Noregsmeisterskapet på heimebane var for mange den store målsetninga for sesongen. Dagane kor dei utallige timane med trening og førebuingar gjennom sesongen skulle synast fram. Og for nokre dagar det vart på fantastiske Hovden.

Stille før stormen vart parken for NM bygd. Utøvarane stod nyskjerrige utanfor "Jerry trappen" og såg stadig nye og kreative element bli bygd for Noregseliten. Innspel og løysingar ropte dei høgt ut, og resultatet i parken vart til slutt unikt og nytt. Me byrja å glede oss til NM.

Kvalifisering. Den eine utøvaren etter den andre med HSG på hjelmen stod på start. Treninga i coursen skjedde med eit smil om munnen. Det var morosamt å køyre på heimebane. Blandinga av nerver og glede var tydeleg ein kombinasjon som fungerte betre enn nokon gong. Den eine utøvaren etter den andre banka på døra til finalen, kor fleire vart slept inn, både i Big Air og Slopestyle.

Foto: Kåre Fjelstad

12962459_10154093043806672_2141916243_o
12986703_10154093040406672_1308446229_o
12992045_10154093044711672_1279221178_o
3G7A0367
Kare

Finale. Sol og blå himmel. Coursen betre enn nokon gong, og TV2 på plass. Store kamera retta mot utøvarane skapte stemninga. Utøvarane såg veldig bra ut, både stillestånde og i bevegelse. Henning H. Pytte fyrst ut av HSG i slopestyle junior, deretter ”rookie” og neste års fyrsteklassing, Mats Lilland, etterfulgt av Eirik Tøraasen og Markus Leyobo med tredje beste score inn i finalen. Med spenning til siste slutt stod Henning med ein særs fortent sylvmedalje, Markus på femte, Mats på sjette og Eirik Tøraasen på åttande. Eirik Moberg stilte i seniorklassa og kvalifiserte seg med den tredje beste scoren inn til finalen, kor han til slutt endte på ein god 5. plass. Kort tid etter stod utøvarane slitne men motivera på start i Big Air. Inn i denne finalen med gode marginer stod Henning Pytte, Markus Leyobo og Eirik Tøraasen i juniorklassa. Eine og åleine frå HSG stod Eirik Moberg i seniorklassa med nok ein gong tredje beste score frå kvalifiseringa. Høgst opp på pallen i juniorklassa spaserte Henning H. Pytte, mens resten av gjengen bidrog til stor underhaldningsfaktor for det lokale oppmøte, etterfulgt av nokre små uhell i landingane.

Punktum for konkurransesesongen var for mange dette resultatet under NM, men og særs store prestasjonar. Resultat og prestasjonar som viser kor utøvarane til HSG siktar. Sesongen har vore lærerrik, og erfaringane har vore mange. Med erfaringar rikare, siktar me oss allereie inn på ny sesong, då og med nye og lovande førsteklassingar. Med gleda og leiken høgst prioritert, gler me oss til neste sesong, og dei mange mulegheitane den vil tilby.  

I morgo går ferda vidare til Røldal og NM i frikøyring. Ei massiv fjellside vert ei fin avslutning på årets konkurransesesong. Som vanleg gler me oss!